-
Det gror…
Denne tida er berre heilt magisk. Alt i hagen skyt fart og ein kan sjå det veks til frå dag til dag. Eg hadde planar om så mange innlegg her på sida, men vips var det gått fleire veker sidan sist.
Det er stadig noko å styra med her på Plasset, og det vert ofte seine kvelden før ein er i hus. Det blei det også i kveld, så her kjem eit bileteinnlegg med siste oppdatering frå hagen.

Brokkoli, blomkål, kolrabi, purreløk og reddikar 
Brokkoli 
Jippi, ein brokkoliblomst! 
Rett frå ein mjølkekartong 
Kveldsmat 🙂 
Busktomat 
Busk- og vanlege tomater 
Sylteagurk 
Physalis 
Agurker 
Paprika 
Så søte agurktrådar som leitar seg fram 
Lykken er eit drivhus i hagen 
Bokashi! Eg rett og slett elskar bokashi! 
Endeleg dukka Carolus-potetene mine opp 🙂 No skal eg eta 10 gulerøtter til kvelds og lada opp til siste arbeidsdag før helg 🙂
Nyt!
-bente-


