Vårpuss i gravefriebed

Det har vore ein nydeleg start på våren 2022 her i Hardanger. Noko kaldt, men det er berre fint så vare den lengst mogeleg. Er berre så utruleg vakker og energigivande denne tida. I år har eg planlagt ein heil del endringar, så dei siste dagane har gått med på litt omorganisering av åkrar og bed.

Potetåkeren (øverste bilete her) er jevna med jorda og gjort om til blomstereng. Her skal eg så bie- og humleblanding så snart vær og temperatur tillate det.

Jordbæråkeren skal gjerast om til ny potetåker.
Ut med papp
På med møk
Og halm
Når all pappen er dekka, vatnar eg godt og let det «godgjera» seg fram til potetene skal i jorda i mai.

Eg var så heldig å få ein muggen halmballe av ein bonde i bygda og eit stort lass møk frå ein annan bonde. Begge deler levert på tunet, så no takkar eg høgare makter (+ desse kjekke bøndene) og boltrar meg i jordekke og nye bed.

Ny jordbæråker påbegynt i vinter. Her starta eg kun med papp på det lille området eg trengte for at denne ikkje skulle verta øydelagt før resten av massane kom på.
Papp toppa med flis, blanda med kompost
Alle plantene får ein god porsjon med kompostert jord i plantehullet og vips var det blitt ein ny jordbæråker. Avslutta med halm på topp.
Fant nokon gamle jernbanesviller, og la restane etter den gamle jordbæråkeren fyrst. Her skal det papp oppå dette materialet.
Utvidar i aust og vest.
Eg fekk noko torv i overskudd etter å ha planta ein rosebusk. Denne snur eg på hodet og nyttar som biomasse nedert i bedet.

Eg fekk også laga til ein ny bringebæråker (sidan den eg laga i fjor bestod av villbringebær, noko som ikkje var heilt etter planen)

Dette vart ikkje gravefritt i fyrste runde. Far min tok grunnarbeidet med minigravar. Sparte meg for ein dag og to i buskpaset som vaks her før.
24 nye bringebærplanter kome i jorda. Selvfølgelig med dekke på topp. Det er veldig fint å kunne planta inntil fjell og steinar slik. Bergartane lagrar varme frå sola og fordeler den ut til plantene når teperaturen i lufta synk.

Eg har også nytta halmen rundtom ellers i hagen. Det føles så godt å pakka rundt buskar og planter. Det hindrar ugraset i å veksa så lett, held på fuktigheita i jorda og tilfører ny biomasse til området. Plantene elskar det og eg set stor pris på at dei trives og eg får mindre arbeid med vedlikehald og stell 🙂

Jordbær.
Ripsavdelinga
Rips og hageblåbær
Nytt ripsbed. Prøver meg med bær i høyden 🙂

Skik går altså dagane her på Plasset for tida. Inne spirer småplanter, knollar og overvintra sommarblomar snart klare for å sleppa ut i det fri.

Nyt tida (mest mogeleg gravefritt) Riktig god vår!

-bente-

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

%d bloggere liker dette: