• Slått og jordekke

    Då har heile «fyrste slåtten» og halve helga gått med til jordekke hos poteter, jordbær, bringebær, blåbær, solbær og rips.

    Heldigvis hjalp far min meg med å få igang riva til traktoren (etter å ha vore vekkstabla i 20 år) Bakkane er slått med beitepussar som knuse graset og det har regna dei siste dagane, så rakinga gjekk trått for hånd.

    Gode gamle riva gjorde stor nytte for seg

    Så var det berre å kjøyra på med lass etter lass grasdekke.

    Poteter. Desse «hyppar» eg med grasdekke så det går med mykje i denne åkeren.
    Jordbær
    Ein gamal sort bringebær eg har flytta frå hagen til mor og far min,
    Nyplanta bringebær.
    Rips og amerikanske blåbær
    Nyanlagt jordbæråker.
    Solbær og rips
    Endå ein liten jordbæråker med nye planter

    Så då er det berre å håpa på betaling i avling om ein månad eller to 🙂

    God sommar så lenge!

    -bente-