![](https://hugelkultur.no/wp-content/uploads/2019/04/38838DB2-66CC-4539-95A1-B1BC050C7266-e1554231328476-1140x1520.jpeg)
April er her!
Inne er det fullt opp av spirer og småplanter som lengtar etter å koma ut i det fri. Det var med stor glede eg oppdaga den aller fyrste tomata i dag.
Ute har eg snart fulle pallekarmar. Eg samla saman ein god del oppi dei i fjor haust, og no nærmar det seg toppavsluttning med tang, jord og kompost.
![](https://hugelkultur.no/wp-content/uploads/2019/04/5D807A64-1233-4CCD-A0C6-939D1AF1536A-768x1024.jpeg)
Eg begynte med aviser som dekke, så grovt materiale som kvist, greiner og småstubbar i bunn. Deretter har eg blanda inn masse løv, aske, visna planterestar, oppkverna greiner og diverse hageavfall eg har fått frå naboar.
![](https://hugelkultur.no/wp-content/uploads/2019/04/0670F25D-C54C-41F6-AB29-5B982C4F0166-e1554231281152-768x1024.jpeg)
Ei veninna kom innom med to store sekkar med lauv i dag. Det må vera ei av dei finaste gåvene du kan gje ein dyrkeglad.
![](https://hugelkultur.no/wp-content/uploads/2019/04/54E5FBC3-32ED-4058-8B6B-9F5AD9DBA62A-1024x768.jpeg)
Eg har endå litt sauemøk igjen i fjoset og eg har blitt lova å få tøma kompostbingen til mammo og pappen, men eg er ser det kan bli knapt med jord i år. På sikt håpar eg på å produsera all den jorda eg treng sjølv, men eg vart veldig glad då eg fant økologisk kukompost på nærbutikken. Då føles det rimeleg greit å «juksa litt»
Våren. For ei fantastisk tid dette er!
-bente-
![](https://hugelkultur.no/wp-content/uploads/2019/04/B93E10BC-3304-4A5B-A926-4BEF82193F91-e1554844981126-75x75.jpeg)
![](https://hugelkultur.no/wp-content/uploads/2019/03/4AE26C1F-499F-4116-B49C-CA3063F0F15A-75x75.jpeg)