-
Det gror…
Denne tida er berre heilt magisk. Alt i hagen skyt fart og ein kan sjå det veks til frå dag til dag. Eg hadde planar om så mange innlegg her på sida, men vips var det gått fleire veker sidan sist.
Det er stadig noko å styra med her på Plasset, og det vert ofte seine kvelden før ein er i hus. Det blei det også i kveld, så her kjem eit bileteinnlegg med siste oppdatering frå hagen.
Brokkoli, blomkål, kolrabi, purreløk og reddikar Brokkoli Jippi, ein brokkoliblomst! Rett frå ein mjølkekartong Kveldsmat 🙂 Busktomat Busk- og vanlege tomater Sylteagurk Physalis Agurker Paprika Så søte agurktrådar som leitar seg fram Lykken er eit drivhus i hagen Bokashi! Eg rett og slett elskar bokashi! Endeleg dukka Carolus-potetene mine opp 🙂 No skal eg eta 10 gulerøtter til kvelds og lada opp til siste arbeidsdag før helg 🙂
Nyt!
-bente-