• Potetlykke

    I vår kjøpte eg 2,5 kilo settepoteter av sorten Carolus til min fyrste gravefrie åker. Eg har tatt nettkurs hjå GrowSpaceMossige i vår og dette var mitt studieprosjekt. Kan forresten anbefala kurset på det varmaste! Her får ein tett oppfølging og ein mengde detaljert og inspirerande fagstoff presentert undervegs. Cecilie som arrangerer kurset har ein eigen evne til å formidla sin kunnskap på ein enkel og forståeleg måte.

    I lenka over kan du sjå korleis eg opparbeida åkeren, og nedanfor det fantastiske resultatet! Så utruleg kjekt å heilt enkelt kunna dyrka sine eigne, giftfrie, friske poteter.

    Då potetriset var ca 10 cm, la eg på eit nytt lag med plenklipp, der eg nesten dekka dei til. Etter det har dei stelt seg heilt sjølve!

    2,5 kg settepotet, vart til 25 kilo deilige matpoteter og eg er frelst!

    Gleda var stor då fyrste potetriset var dradd opp og det dukka fram, flotte, friske poteter under der!
    Carolus klar til hausting
    Ferdig «potetpløyd» jordbæråker!

    Eit stort rungande JA til gravefridyrking. I pakt med naturen, i pakt med tidsklemma i ein travel kvardag. Stooor glede.

    Oppdatering: Tru det eller ei, men året etter vart det endå bedre 🙂 Den fargerike og sårt sakna hyttenaboen min meinte det var resultat «bedre enn i bibelsåga»

    -bente-