Det gror…

Denne tida er berre heilt magisk. Alt i hagen skyt fart og ein kan sjå det veks til frå dag til dag. Eg hadde planar om så mange innlegg her på sida, men vips var det gått fleire veker sidan sist.

Det er stadig noko å styra med her på Plasset, og det vert ofte seine kvelden før ein er i hus. Det blei det også i kveld, så her kjem eit bileteinnlegg med siste oppdatering frå hagen.

Brokkoli, blomkål, kolrabi, purreløk og reddikar
Brokkoli
Jippi, ein brokkoliblomst!
Rett frå ein mjølkekartong
Kveldsmat 🙂
Busktomat
Busk- og vanlege tomater
Sylteagurk
Physalis
Agurker
Paprika
Så søte agurktrådar som leitar seg fram
Lykken er eit drivhus i hagen
Bokashi! Eg rett og slett elskar bokashi!
Endeleg dukka Carolus-potetene mine opp 🙂

No skal eg eta 10 gulerøtter til kvelds og lada opp til siste arbeidsdag før helg 🙂

Nyt!

-bente-

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

%d bloggere liker dette: