Gravefri dyrking

  • Utplanting

    Hvilken vår! Her i Hardanger står frukttrea i blom, eg har planta ut i verandakassar og i pallekarmar. Vårens vakraste eventyr er i gang.

    Siste topping i karmane med eigen kompost og økologisk kukompost.

    Eg har i løpet av hausten i fjor og våren samla saman lagvis med kvistar, hageavfall, lauv og gras i pallekarmane mine. No var dei klare til siste påfyll før utplanting. Eg blanda saman eigen kompost og innkjøpt kukompost og fylte på ca 20 cm øverst. Håpar inderleg kål- og brokkoliplantene mine vil trivast.

    Små søte brokkoliplanter klare til utplanting
    Eg vatna godt og hadde på fiberduk fyrste døgnet

    Eg er synes det er fantastisk å kunna dyrka utan å grava i jorda (øydeleggja jordlivet) samt benytta jorddekke rundt plantene. Dette er jo slik naturen driv det sjølv. Ein finn ikkje store områder med udekka jord nokon stad naturleg og eg velge å tru naturen er den beste læremesteren ein kan ha også når det kjem til dyrking.


    Grasdekke rundt brokkoli og blomkål

    Eg brukar oppsamlar på plenklipparen for å få fint opphakka gras som jorddekke. Dette hjelper til med å halda på fuktigheita, gjer det vanskeleg for frø/ugras å etablera seg, avgir næring og vert sakte men sikkert omdanna til ny jord. Ganske enkelt genialt.

    Fin dyna rundt dei små plantene

    Det føles veldig fint å dekka til rund dei små plantene som er på veg til å etablera seg utanomhus. Eg velge å tru dette er den beste starten dei kan få på utelivet.

    No er det berre å satsa på det ikkje vert noko overraskande mai- snø og kulde 🙂

    -bente-