Oppdatering frå jordbæråkeren

Eg har fått spørsmål frå fleire om korleis eg steller jordbæra mine. Dei klarar seg stort sett sjølve, men eg har ein skikkeleg gjennomgang på kvar plante om hausten, samt om våren når faren for frost er over.

Det ser ut til at jordbæra likar godt å bli kvitt barna sine både haust og vår. Slik får dei god mogelegheit til å bruka all næringa på seg sjølv.

Eg klipper vekk alle stiklingar frå morplanta i september/oktober. Disse lagar eg nye planter av. Det same gjer eg i mars/april, og lukar vekk alt av småplanter og anna ugras. Så får dei ein god porsjon med møk eller kompost. Alt etter kva eg har tilgjengeleg. Eg brukar aldri kunstgjødsel eller noko form for gift i hagen min.

Eg fyller også gjerne på med grasklipp, flis og anna materiale rundt plantene når eg har noko til overs i løpet av sesongen.

Rada med planter nærmaste plenen her «rulla» eg ut i fjor. Då legg eg fyrst papp, vatnar, gressklipp, vatnar, så flis og deretter kompost eller husdyrgjødsel, så set eg plantene nedi saman med ein god neve plantejord rundt rota slik at den får ein mjuk start. Super enkelt, ingen graving eller forstyrrelser for jordorganismane som er der frå før og eit ugrasfritt bed utan brakklegging eller pløying. Eg seie nok ein gong; Hurraaaa for gravefri dyrking!

No er det berre å gleda seg til kortreiste og heilt giftfrie bær om nokon veker.

Her kan de sjå korleis åkeren såg ut for eit par mnd. sidan: Jordbæråkeren i april

-bente-

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

%d bloggere liker dette: