Takk til Naturvernforbundet!

Alltid lika kjekt å kome heim til postkasse med fine hageblad. I dag låg siste utgåve av Noske hagetidend å venta på meg.

Innbydande framsida, med innhald eg gledar meg stort til.

Som medlem i Det norske hageselskap får ein dette, som er norges største hageblad, i posten ein gong i månaden. Denne gongen fulgte det med eit lite ekstra blad. Nydeleg trykka på tjukt papir, fine fargar, søte illustrasjonar og sist men ikkje minst svært viktig og enkelt formidla innhald. På nynorsk! (Hjarte, hjarte :))

Eg synes dette er flotte «10 hagebud»
Eit stort JA til giftfrie hagar!
Verdt å veta!
Naturvernforbundet.no

Ein stor takk til Naturvernforbundet for dette flotte heftet og ellers den jobben dei gjer.

Om du ynskjer å verta medlem kan du senda SMS med teksten NATUR til 2377 eller gå inn på Naturvernforbundet.no/medlem

-bente-

2 kommentarer

  • Helene Moe Slinning

    Å, no vart eg glad! Kom inn på bloggen din tilfeldig via ei facebookside, vart sitjande og lese meg gjennom gamle innlegg, og plutseleg kom dette! Det er eg som har laga illustrasjonar og layout på heftet om den naturvennlege hagen, og det er veldig kjekt å høyre at det fall i smak. Eg synest og at Naturvernforbundet har vore veldig gode til å formidle viktig stoff på ein konkret og lettfatteleg måte. Spanande å lese bloggen din – eg ser vi har laga pallekarm-kjøkkenhage på same måten, med kvist og kvast og hageavfall i mengder og jord på toppen. 🙂 Ha ei fin pinse!

    • Bente Instanes

      Såå kjekt du tok deg tida til å skriva ei melding her 🙂 Ein stor takk til deg for at du brukar dine ferdigheter til å formidla viktig budskap som dette. Tusen takk!

      Ynskjer deg ein nydeleg humle- og insektsvenleg sommar!

      -bente-

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

%d bloggere liker dette: