Gravefri dyrking

  • Vår i jordbæråkeren

    Så er den her igjen. Vakre våren. Fuglekvitter, spirer, blomar som sprett, insekt som summar, sol som varmar, lukt av natur som vaknar osv. Lista vert lang når eg kjenner etter kva eg sansar av vår.

    Endeleg var det klart for å renska og gjera jordbæra klare for ein ny sesong.

    På tide å få vinterdyna av og stå opp til vår💚
    Klar for å tilbringa nokon timar saman med jordbæra

    Eg klipper vekk visne blader, og passar på at det ikkje er nokon stiklingar på veg ut i verda. Dette for å unngå at dei skal stjele kraft av morplanta no månadane fram mot avling. Alt eg rydder vekk legg eg i «midtgangen» mellom radene, og fyller på sauemøk rundt kvar plante.

    Nyfriserte jordbærplanter får ein liten nistepakke før årets sesong. Håpar dei vert nøgde 🙂

    Eg tek også vekk alle stiklingar som har røta seg i midtgangen slik at det ikkje vert for tett med planter.

    Jordbæra er så villige og lettdyrka og eg klarar ikkje kasta vekk alle desse små plantene som eg må rydda vekk. Denne ruden vart det ca 130 nye små jordbærplanter, så no er eg i gang med å planlegga ny åker som dei kan få flytta inn i.

    Eg gløymde å ta bilete av dei nye stklingane og no er det mørkt ute, men her er eit bilde frå mars i år. Desse planta eg då eg rydda i åkeren i fjor haust. Det er så enkelt å laga sine eigne jordbærplanter, fine gåver er det også 🙂

    Utruleg deilig å få grava litt i jorda igjen og eg kan ikkje få takka nok som har både helsa og stad til å halda på.

    Snart i mål 🙂

    Takk, takk, takk, husk å takk og riktig god vår til deko alle som måtte lesa dette innlegget.

    -bente-