Søndagsurdeigsmorgon

Det vert litt slik. Søndagar er perfekt for meg å steika surdeigsbrød. Det er eigentleg såre enkelt, men tek litt tid med heving så eg synes det er perfekt å hiva saman deigen/røra laurdagsettermiddag, hella i brødform sundagsmorgon, heva litt til og så steika deilige søndagsurdeigsbrød i fred og ro.

Ferdig heva og klar til å «tømast» i form
Ein time og to med etterleving gjer susen
Klar for steikeovn. Oppvarma til 200c, set brødet inni og senk temperaturen til 160c.
1 time og 20 min seinare. Voila!

Her har Ida skrive eit flott innlegg om kvifor surdeigsbrød er sunnare enn det brødet som er baka og heva med «vanleg kjøpegjær». Altså i tillegg til kosen med eit/millionar av lettstelte «husdyr» i heimen er det også mange helsemessige grunnar til å skaffa seg ein surdeigsstarter og setja i gang.

Eg lovar, ein vert hekta 🙂

-bente-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *