Surdeigsbrød

Microbar og bakteriar er lika fascinerande på kjøkenet så ute i hagen. Eg synes det er utruleg spanande og overveldande korleis dette samspelet fungerer og kor uendeleg viktige dei er for alt liv på jorda.

Livleg surdeig 🙂

Surdeig.no finn ein steg for steg informasjon om alt frå surdeigsstartar til baking av brød. Berit Nordstrand har også fleire fine artiklar om dette. Ellers er det ein mengde informasjon å finna rundt på nettet.

Førre veka var eg so heldig å fekk ein god startkultur av naboen, eg baka med den fyrste døgnet og brøda vart veldig gode om eg skal sei det sjølv.

Eg matar denne starteren med litt nytt mjøl og vatn ein gong i veka. Då nyttar eg sjangsen til å setta ein ny deig, som står på «lunk» over natta.

Surdeig klar for å heva seg gjennom laurdagsnatta.

Det er nesten som å ha eit lite husdyr i skapet. Ein må passa på at den får mat og litt stell, så får ein lettvinte, sunne og gode brød tilbake.

Eg vert faktisk litt glad i desse surdeigsstartarane, det er jo ei mengde liv og røre nede der 😀

Anbefalar alle som er glad i brød å få ein slik ven på glas 🙂

-bente-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *