• Opparbeiding av ny potetåker

    I forbindelse med prosjektet mitt om å leva mest mogeleg sjølvberga må eg utvida potetåkeren min. Eg starta opp med å rulla ut papp seinsommaren -19 og har utover hausten fyllt på det eg har rydda saman frå drivhus, hage, naboar osv. I vinter har eg planar om å fylla på med bark frå veding og til våren siste rest av planteavfall før potetene skal settast.

    Dekkar med grasklipp og vatnar. Slik er eg tryggare på at åkeren vert liggande der eg vil til eg har fått fylt i rastene.
    Plasset i nydeleg augustsol
    Gåve frå hønene
    Litt hønsagull fordelt over rastene.

    Eg kryssar armar og bein for at potetene vil trivast her. Det kan verta eit skralt 2020/21 om eg mislykkast med avlinga mi neste år.

    Oppdatering: Eit overveldande resultat 😀

    -bente-