Næring til kropp og sjel
-
Kombucha
Det er snart 20 år sidan eg kjøpte domenet kombucha.no. Eg hadde ynskjer og planar om å dela alt eg fant og kunne om denne magiske trylledrikken. Det vart med planane. No 20 år seinare har eg endeleg fått meg ein scoby i hus igjen.
Eit rakst google-søk viser at det finnes ein mengde informasjon om denne lille scobyskatten på nettet. På norsk vil eg anbefala Gry Hammer, og Thea som har laga nokon fine innlegg på nettstadane sine.
I kveld har eg laga ein ny heim til den i eit gamalt 2 liters Noregsglas som eg fant i kjellaren.
Lurar på kva besto har hatt i desse. Eg hugsar endå godt dei nydelege heimelaga syltetøya hennar, dei søte og gode hermetiserte pærene og morellene som eg ikkje var fullt så glad i.
Etter å ha sterilisert glaset kokte eg opp 1,5 l vann. Oppi her hadde eg 4 ss sukker og to posar med økologisk, svart te. Etter at væska var blitt romtemparert putta eg oppi scobyen saman med 1,5 dl kombuchakultur som eg hadde fått den levert i.
No står den mørkt og trygt i kjøkkenskapet, der eg håpar den vil trivast så fermenteringsproseenen går fint i vekene framover.
So utruleg spanande om eg får i gang min eigen lille kombuchafabrikk.
-bente-