Gravefri dyrking
-
Nytt år, nye hageprosjekt..
Det er ikkje mykje som minner om vinter her i Hardanger i år. Eg skal innrømma eg saknar snø og kalde, magiske vinterdagar, sjølv om det er heilt fantastisk å allerede vera i gang med fleire nye hageprosjekter. Inspirert av Det grønne skafferi er eg i gang med eit «flettebed» til nokon av årets grønsaker.
Det var på tide å få rydda litt i småtrær, greiner og kvist rundt på tomta og då er eit slikt prosjekt midt i blinken.
Dei tjukkeste delene av treet sparar eg til ved, dei passe tjukke til bedet mitt vert til pålar, dei litt for tynne pinnane mel eg opp med kompostkvern og nyttar i åkeren, medan det aller minste vert lagt på bunn i bedet eg er i gang med å laga.
Så vart det kvelden igjen, heldigvis er det snart helg med mange timar dagslys tilgjengeleg. Stunda med lys etter arbeidstid i vekene er endå litt for kort til at eg rekk så mykje av slike prosjekt.
Eg ser fram til å fortsetta, samt oppdatera innlegget her med framgangen i bedet mitt. I mellomtida anbefalar eg på det varmaste å sjå innlegget som eg linka til innledningsvis.
Nyt stunda så lenge!
-bente-