Gravefri dyrking
-
Slått og jordekke
Då har heile «fyrste slåtten» og halve helga gått med til jordekke hos poteter, jordbær, bringebær, blåbær, solbær og rips.
Heldigvis hjalp far min meg med å få igang riva til traktoren (etter å ha vore vekkstabla i 20 år) Bakkane er slått med beitepussar som knuse graset og det har regna dei siste dagane, så rakinga gjekk trått for hånd.
Så var det berre å kjøyra på med lass etter lass grasdekke.
Så då er det berre å håpa på betaling i avling om ein månad eller to 🙂
God sommar så lenge!
-bente-