Gravefri dyrking
-
Vårfølelse
Har vandra rundt i skogen og på bruket her i fleire timar i dag. Skikkeleg vårfølelse og det klør i fingrane etter å fylla i pallekarmar og drivhus.
Eg finn stadig plassar der det kunne passa seg å opparbeida bed og åker. Her er det ikkje langt mellom tang og trær så det er meir enn nok å ta av. Svært spent på om eg får til desse hugelkultur-beda som har fascinert meg i lengre tid.
Eg må nok smørja meg med litt tolmodigheit til. Det kan endå koma skikkelege vinterdagar, håpar berre ikkje det kjem skikkeleg barfrost no.
Eg sår litt i mellomtida 🙂
-bente-