Bøker eg vil anbefala

  • No Dig Organic Home & Garden

    Fekk denne fine boka i posten her om dagen. Har berre rukke å bla litt i den, men fyrste inntrykket er veldig bra. Gledar meg til denne.

    Ingen-graving-bed

    Forfattarane, Charles Dowding og Stephanie Hafferty, har fått samla ei mengde nyttig lærdom og flotte bilete mellom disse permane.

    Konservering
    Surdeig
    Oppbevaring

    Det ser ut som dei dekkar det meste frå frø, småplanter, opparbeiding av bed, gjødsel, kompost, stell, ugras og skadedyr, tilbereding og oppbevaring av avling. Heilt sikkert mykje meir som eg gledar meg til å læra meir om.

    Eg vil nok kalla dette ein ny bokskatt i hylla…

    -bente-