• Nytt år, nye hageprosjekt..

    Det er ikkje mykje som minner om vinter her i Hardanger i år. Eg skal innrømma eg saknar snø og kalde, magiske vinterdagar, sjølv om det er heilt fantastisk å allerede vera i gang med fleire nye hageprosjekter. Inspirert av Det grønne skafferi er eg i gang med eit «flettebed» til nokon av årets grønsaker.

    Langs berget her skal eg opparbeida eit nytt bed

    Det var på tide å få rydda litt i småtrær, greiner og kvist rundt på tomta og då er eit slikt prosjekt midt i blinken.

    Dei tjukkeste delene av treet sparar eg til ved, dei passe tjukke til bedet mitt vert til pålar, dei litt for tynne pinnane mel eg opp med kompostkvern og nyttar i åkeren, medan det aller minste vert lagt på bunn i bedet eg er i gang med å laga.

    Utsikt frå det nye bedet over potetåkeren som også er under opparbeiding.

    Så vart det kvelden igjen, heldigvis er det snart helg med mange timar dagslys tilgjengeleg. Stunda med lys etter arbeidstid i vekene er endå litt for kort til at eg rekk så mykje av slike prosjekt.

    Eg ser fram til å fortsetta, samt oppdatera innlegget her med framgangen i bedet mitt. I mellomtida anbefalar eg på det varmaste å sjå innlegget som eg linka til innledningsvis.

    Nyt stunda så lenge!

    -bente-