Vårfølelse

Har vandra rundt i skogen og på bruket her i fleire timar i dag. Skikkeleg vårfølelse og det klør i fingrane etter å fylla i pallekarmar og drivhus.

I år skal eg få låna drivhuset til mammo og pappen. Så får me sjå om det vert eit eige på Plasset etter kvart.

Håpar det vert like god avling i år som i 2018. Då bugna det med moreller på treea her.

Eg finn stadig plassar der det kunne passa seg å opparbeida bed og åker. Her er det ikkje langt mellom tang og trær så det er meir enn nok å ta av. Svært spent på om eg får til desse hugelkultur-beda som har fascinert meg i lengre tid.

Eit bed med utsikt kanskje?
Plasset – februar 2019

Eg må nok smørja meg med litt tolmodigheit til. Det kan endå koma skikkelege vinterdagar, håpar berre ikkje det kjem skikkeleg barfrost no.

Eg sår litt i mellomtida 🙂

-bente-

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

%d bloggere liker dette: