Det spirer og gror…
Plutseleg litt for fort. Eg hadde ikkje sett til dei stakkar tomatfrøa på badet på tre dagar, og vips var dei blitt altfor lange. Eg fekk dei i hu og hast ut i planterommet der lys og litt mindre varme ventar.
Resten av gjengen ser ut til å ha det fint og i dag skal fleire frø i jorda.
Nyt dagen, det er så mykje å gleda seg over.
-bente-