• Gravefri potetåker

    Utanom pallekarmar er dette prosjektet mitt fyrste gravefriebed. Eg har lenge syntes dette høyrdes så genialt ut og i vår har eg deltatt på nettkurs i gravefridyrking. Dette kan eg anbefala på det varmaste: GrowSpaceMossige.no

    Eg begynte med tjukk papp, fylte på med litt hønsegjødsel og plenklipp. Dette vanna eg godt og lot ligga ei natt til «bløyt» Deretter fylte eg på med bokashijord og toppa det heile med halvnedbrutt kompostflis.

    Papp, husdyrgjødsel, plenklipp, bokashi og halvnedbrutt kompostflis.
    Lag på lag
    Klart til å sette poteter.

    Sidan eg endå ikkje hadde fått potetene i jorda valgte eg å setta dei i dette bedet. Poteter er også supre til å få forbedra jordstukturen då dei «pløyer» seg fram i djupet og det vert endå bedre vekstvilkår for andre grønsaker neste år.

    Potetene Carolus er fyrste sort ut 🙂

    Eg grov små hull og fylte med øpkologisk plantejord til kvar potet, deretter dekka eg med endå litt jord. Sorten Carolus valgte eg då den er anbefalt til økologisk dyrkning og er motstandsdyktig mot sjukdom og skadedyr. No er det berre å venta i spenning. Håpar eg om nokon veker kan helsa velkommen til små, grøne potetris i det nye bedet.

    So spent på årets avling her i frå!

    Så enkelt kan det altså gjerast. Ingen pløying, ingen forstyrrelser for jordorganismane, ingen torv eller ugras i åkeren og glad meitemark som ikkje vert delt i to. Ryggen slepp unna med ein brøkdel av arbeidet og etter kvart som ein fyller på med plantematriale og husdyrgjødsel bygger det seg opp god og næringsrik jord, full av liv 🙂

    Om ein jobbar på lag med naturen, så jobbar ein på same lag som seg sjølv og det er vel logisk nok det aller beste og enklaste 🙂 🙂

    -bente-

    Oppdatering: Sjå resultatet her 🙂 og ikkje minst resultatet frå den neste potetåkeren min 😀