• Ein smak av vår

    Dei siste dagane har snøen smelta i rekordfart. Eg er ikkje heilt metta av vinter endå, men hvilken glede å sjå snøklokkene igjen. Les meir om snøklokkene på den fantastiske bloggen: Moseplassen eller hos Hobbygartnerskolen , ein innhaldsrik og flott nettstad for hagevenner. Eg skulle ønska dei ville stå her gjennom heile sumaren, men alt til sin tid. Det er nok noko av det som gjer hagegleda så stor og unik. -bente-

  • Det spirer og gror…

    Plutseleg litt for fort. Eg hadde ikkje sett til dei stakkar tomatfrøa på badet på tre dagar, og vips var dei blitt altfor lange. Eg fekk dei i hu og hast ut i planterommet der lys og litt mindre varme ventar. Resten av gjengen ser ut til å ha det fint og i dag skal fleire frø i jorda. Nyt dagen, det er så mykje å gleda seg over. -bente-

  • Det spirer!

    05.02 sjekka eg frøa som eg hadde satt mørkt til spiring på varmekablar. DET var i seinaste laget, for her var dei godt i gang allerede. No var det berre å hiva seg rundt å få dei ut i planterommet. Hvilken lykke. No håpar eg dei vil trivast framover.

  • Dei aller fyrste frøa

    Då har startskuddet gått og dei fyrste frøa kom i jorda 1. februar 2019. Det er fyrste gongen eg prøve meg på å snøså frø, så dette testar eg med sjølvplukka frø frå Petunia. No er det berre å smørja seg med tolmod og venta på dei fyrste spirene. Hvilken lykke! -bente-