Plasset

I 2015 gjekk draumen om å flytta heim til småbruket etter besteforeldrene mine i oppfyllelse.

Plasset

Allerede fyrste året begynte eg så smått i beda. Eg hugsar dei som alltid velstelte med geranium, margrittar, løytnantshjarter, roser, judaspengar, krokusar, tulipanar osv. Så mange gode minner. No var det grodd igjen..

Litt etter litt har ting kome på plass.

Etterlengta høner er kome på tunet og eg har fått planta bringebær, rips, solbær,blåbær, jordbær, epler og plommer.

Då eg flytta heim til ny, spanande og travel jobb, har det dei fyrste åra ikkje vorte tid til å dyrka så mykje meir enn poteter. No er eg derimot klar for å prøva meg på å så eigne frø og opparbeida litt fleire bed og grønsakshage. På sikt håpar eg å kunna produsera det meste av min eigen mat.

Dei fyrste frøa er allerede kome i jorda og eg håpar sidene her kan fyllast opp litt etter litt og bli ein stad der eg kan få tips, gode råd og tilbakemeldingar frå lesara som måtte dumpa innom. Ekstra kjekt vil der vera om Plasset kan gi inspirasjon og bringa hageglede frå skjerm til jord rundt om i landet.

Set pris på alt av tilbakemeldingar.
-bente-
Plasset – vinter 2019

%d bloggere liker dette: