• Hagepsykologi

    Boka Hagepsykologi naturens harmoniserende kraft av Grethe Nordhelle. Ei lita perle av ei bok. Denne traff meg midt i hjarta. Det er akkurat dette eg ber på og har lyst å formidla til heile verda. Her har Grete satt ord på det på eit perfekt vis. Natur, planter, hagestell er unik terapi for kropp og sjel. Hadde alle mennesker i verda hatt ein hage og behandla den med respekt ville det vore fred på jord. Det er eg sikker på.

    Vakre bilete og lærerik, bevistgjerande, inspirerande tekst.

    Teksten og innhaldet i boka er skrive som ei vakker, blømande, fargerik bru mellom austleg- og vestlegtankegang, Dette av ein forfattar med akademisk bakgrunn og ein mengde dybde kunnskap om dei ulike tema innanfor psykologi, menneske, naturen og planter. Eg vart glad i denne boka frå fyrste side og etter å ha bladd om siste ark veit eg den vert med meg livet ut.

    Vakkert.

    Anbefalar ALLE denne skatten av ei bok.

    -bente-