• Jordfabrikk

    Fyrste tøming av bokashidunken min. No er eg spent på om den får vera i fred frå fuglar, rev og andre forbifarande fant 🙂 Eg har valgt å ikkje dekka den til foreløpig så får ein sjå korleis det går.

    Fermentert kjøkkenavfall klar til å bli hagegull.

    Eg har kjøpt nokon sekkar plantejord. Dessverre var det ikkje mykje å velga mellom, men håpar på sikt eg slepp å handla inn «død jord» som med sitt torvinnhald er ein miljøsyndar av dei store og at eg skal klara å produsera nok næringsrik og levande jord til eige bruk.

    Oppi med det, blandar litt rundt og dekker med eit topplag jord.
    No er det berre å la mikrobane gjera jobben sin…

    Dette er fyrste gong eg tømer bokashidunken min. Under optimale forhold (temperatur, luft, fuktighet, jord etc) skal dette avfallet bli til ferdig kompost på nokon veker.

    Det er nok litt for tidleg på året til at det går så fort, men eg fyl med i spaning. Inne spirer og gror ein mengde blomar og grønsaker som treng god og næringsrik jord når dei skal flytta ut til våren.

    Alle skulle hatt ein jordfabrikk 🙂

    -bente-