• Ein smak av vår

    Dei siste dagane har snøen smelta i rekordfart. Eg er ikkje heilt metta av vinter endå, men hvilken glede å sjå snøklokkene igjen.

    So fint å tenkja på at besto og besten også har gleda seg over disse i mange år.

    Les meir om snøklokkene på den fantastiske bloggen: Moseplassen eller hos Hobbygartnerskolen , ein innhaldsrik og flott nettstad for hagevenner.

    Så yndige, vakre og sterke her dei bryt seg fram gjennom snø og is. Polaritetar.

    Eg skulle ønska dei ville stå her gjennom heile sumaren, men alt til sin tid. Det er nok noko av det som gjer hagegleda så stor og unik.

    -bente-