-
Vårfølelse
Har vandra rundt i skogen og på bruket her i fleire timar i dag. Skikkeleg vårfølelse og det klør i fingrane etter å fylla i pallekarmar og drivhus.
I år skal eg få låna drivhuset til mammo og pappen. Så får me sjå om det vert eit eige på Plasset etter kvart. Håpar det vert like god avling i år som i 2018. Då bugna det med moreller på treea her. Eg finn stadig plassar der det kunne passa seg å opparbeida bed og åker. Her er det ikkje langt mellom tang og trær så det er meir enn nok å ta av. Svært spent på om eg får til desse hugelkultur-beda som har fascinert meg i lengre tid.
Eit bed med utsikt kanskje? Plasset – februar 2019 Eg må nok smørja meg med litt tolmodigheit til. Det kan endå koma skikkelege vinterdagar, håpar berre ikkje det kjem skikkeleg barfrost no.
Eg sår litt i mellomtida 🙂
-bente-