• Frå bord til jord

    Bokashi! Hvilken lykke at nokon har gjort dette så enkelt og tilgjengeleg for oss alle som ynskjer å nytta matavfall på beste vis, laga sitt eige gjødselvann og produsera næringsrik og kortreist jord. Heilt fantastisk! Anbefalar alle å lesa meir om dette her: Bokashi Norge

    Det meste som ikkje vert servert høner, hund eller katt går i den lufttette bokashibøtta.
    Melkesyrebakteriar, fotosyntesebakteriar og gjærsopp ventar på å starta jobben med fermentering av matavfallet mitt. Naturen er magisk.

    Eg har sjølv endå ikkje fulgt prosessen lenger enn til gjødselvann (noko som fungerer utmerka), men har sett hjå venner kor raskt dei omdannar matavfallet sitt til perfekt plantejord med bokashi. Kan knapt venta til å fylla opp i jordfabrikken i utanfor døra her.

    -bente-