• Potetåret 2020 – overveldande resultat

    Dette vart avling over all forventning. Den forholdsvis nye potetsorten, Nansen og den nyanlagte gravefrie åkeren min gav gledelege resultater.

    Eg byrja å anlegga ny potetåker i fjor haust og har fylt på etter kvart som eg har fått tilgang på materiale gjennom vinteren.

    Sjå bileteserie:

    Resultat. 300 kg nydelege Nansen poteter! og det av litt under 10 kg settepoteter!

    Volia…300 kg nypoteter!

    Eg må berre sei det igjen. Eit stort HURRAAA for gravefri dyrking. Håpar galleriet vil inspirera fleire til å koma igang.

    Gjer det enkelt og bærekraftig på lag med naturen 🙂

    -bente-