• Jorddekke – ganske enkelt, genialt…

    Det såg skrint og trist ut i jordbæråkeren i dag. Eg gjekk gjennom radene og la all småstein tilsides i «midtgangen» og drøymde om plenklipp og grønt gras til å dekka rundt dei små plantene.

    Ei rad med rotten duk, to rader utan dekke.

    Eit av dei fyrste åra etter eg flytta inn på Plasset laga eg meg ei rad med jordbær. Eg brukte duk som eg alltid har vore vane med. Det skulle eg få angra på, den rotna og ser ikkje ut der den ligg i filler rundt plantene.

    Eit par år etter utvida eg jordbæråkeren med to rader. Denne gongen brukte eg ikkje duk, kun plenklipp. Dette har i løpet av haust/vinteren vorten brutt ned og blitt til jord. Eg treng meir!

    Så kom eg på alle dei fine bregnene som rotnar ned rundtom kvart år.

    Eg begynte å samla og etter eit par timar hadde eg fylt over dei to radene som aldri har hatt duk før.

    No håpar eg det vil verna litt til frostnettene er over for i år, at laget blir brutt ned til næring og samtidig virkar beskyttande mot ugras. Sist, men ikkje minst håpar eg jordbærplantene slepp igjennom til våren eingong.

    Det blei nokon lass visna bregner

    Eg ventar i spaning.

    -bente-