Brennenesle – eit økologisk vidundergjødsel

Eg gjødslar både blomar og grønsaker med brenneneslevann. Den tradisjonelle neslevannfabrikken er allerede i gang på tunet, men det tek tid så i år fekk eg lyst å testa ut om plantene tek opp næringa dersom eg tørkar nesla, kverner den til pulver og blandar ut i vann. (Her finn du forresten ei kjempe fin veiledning hos Tante Grønns Hage på korleis du lagar gjødselvann av brennenesle)

Små nesleskudd kikkar fram

Gode barndomsminner

Rart korleis ein kan verta så glad i ei plante som bringer fram «sviande-kløe-minner» frå tidleg vår og varme sommardagar, då ein barbeint og glad sprang rundt som liten. Dei små irriterande prikkane på huda som blei lindra av at besto blåste på eller av eit bad i sjøen.

No trur eg at det er nettopp desse minna, saman med den energifulle krafta frå brennenesla som gjere at eg er vorten utruleg glad i denne urta.

Vår, fargar og gryande liv. Eg rett og slett elskar denne tida og eg rett og slett elske denne kurva

Bolgakurver frå Gahna

Må berre få reklamera litt for dei nyyyydelege håndfletta korgene frå Ghana. Veninna mi Liv Bente som er genuint opptatt av fairtrade- og etisk handel sel desse i nettbutikken sin på Libe.no

Sjølv føler eg det styrke urtene å plukka dei i eit slikt fargerikt, håndlaga og etisk distribuert kunstverk. Det styrke i alle fall gleda med å plukka dei. Kvaliteten er super og eg kan berre anbefala disse korgene på det aller varmaste.

Snart klare for nokon timar i tørkeovn
Eg klipper litt i urtene for å få dei til å legga seg på tørkebrettet.

Ein kan like gjerne henge nesla i buntar ein mørk, tørr stad til tørk. Ein treng då berre litt meir tolmod enn det eg hadde nett i dag.

Eg tørkar brennenesla i fire timar på 48 grader.
Kurva med nesler er no knusktørr
Deretter kvernar eg brennenesla i eit kaffikvern
…og endar opp med eit nydeleg klorofyllgrønt pulver. Lykke!
Dette er det som kom ut av kurva med nesler lenger oppe i innlegget. Gløymde å ta vekta av nesla før tørking, men det får bli neste runde 🙂
Sjå den grøne nydelege fargen. Eg tok ein slurk før eg delte vidare ut til potter og plantekar. Så god følelse å faktisk kunna drikka av gjødselvannet ein skal gje til plantene sine. No skal det seiast det er godt å gjødsla med anna organisk utblanda materiale også, utan at eg tek ein slurk av bokashivæska eller den utblanda hønsegjødselen min 😀

Tørka brennenesle som gjødsel

Eg klarar ikkje finna noko god informasjon om å nytta nesla til gjødsel på denne måten. Difor prøver eg meg fram med 1 ss pr. liter vann. Så vil det visa seg om plantene mine vert glad for denne styrkedrikken eller om dei foretrekke den meir kjende og kjære gjæra nesledrikken som eg har linka til øverst i innlegget her.

Anbefalar å finna meir informasjon om brennenesla på Røysheim Urteverksted sine flotte nettsider, samt den svært informasjonsrike nettstaden Rolv.no

Bli kjent med nesla og få ein ven for livet 🙂

Eg skal koma med oppdateringar til hausten om korleis det nye gjødselseksperimentet mitt har gått 🙂

Lev, leik, le, elsk, takk og nyt så lenge!

-bente-

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

%d bloggere liker dette: