Vår i jordbæråkeren

Så er den her igjen. Vakre våren. Fuglekvitter, spirer, blomar som sprett, insekt som summar, sol som varmar, lukt av natur som vaknar osv. Lista vert lang når eg kjenner etter kva eg sansar av vår.

Endeleg var det klart for å renska og gjera jordbæra klare for ein ny sesong.

På tide å få vinterdyna av og stå opp til vår💚
Klar for å tilbringa nokon timar saman med jordbæra

Eg klipper vekk visne blader, og passar på at det ikkje er nokon stiklingar på veg ut i verda. Dette for å unngå at dei skal stjele kraft av morplanta no månadane fram mot avling. Alt eg rydder vekk legg eg i «midtgangen» mellom radene, og fyller på sauemøk rundt kvar plante.

Nyfriserte jordbærplanter får ein liten nistepakke før årets sesong. Håpar dei vert nøgde 🙂

Eg tek også vekk alle stiklingar som har røta seg i midtgangen slik at det ikkje vert for tett med planter.

Jordbæra er så villige og lettdyrka og eg klarar ikkje kasta vekk alle desse små plantene som eg må rydda vekk. Denne ruden vart det ca 130 nye små jordbærplanter, så no er eg i gang med å planlegga ny åker som dei kan få flytta inn i.

Eg gløymde å ta bilete av dei nye stklingane og no er det mørkt ute, men her er eit bilde frå mars i år. Desse planta eg då eg rydda i åkeren i fjor haust. Det er så enkelt å laga sine eigne jordbærplanter, fine gåver er det også 🙂

Utruleg deilig å få grava litt i jorda igjen og eg kan ikkje få takka nok som har både helsa og stad til å halda på.

Snart i mål 🙂

Takk, takk, takk, husk å takk og riktig god vår til deko alle som måtte lesa dette innlegget.

-bente-

6 kommentarer

  • Torild Johansen

    Takk for tips om stell av jordbær. Jeg er plaget med at jordbæra knyter seg. Har du/dere råd mot det? Hva kan det komme av?
    På forhånd takk for svar!

    • Bente Instanes

      Heisann 🙂 Så kjekt du havna innom sida mi her! Er litt usikker på kva du meinar med «knyter» seg? Er det slik at dei ikkje modnar i heile tatt, eller vert dei «øydelagt» etter modning?

  • Torild Johansen

    De modner, men utvikler seg ikke til pene, normale bær. Jeg vet ikke å forklare det på annen måte. Alle bærene er ikke slike.

    • Bente Instanes

      Beklagar seint svar, men eg har vore ute i sola og hagen frå morgon til kveld denne helga 🙂 Det er vanskeleg å sei kva som gjer at bæra ikkje utvikler seg fullt, men eg tenkjer fyrst og fremst næring, jordsmonn, sjukdom eller dårleg pollinering. Eg får også nokon innimellom som vert knudrete, innsnevra i toppen på eit vis og fekk svar i ei gruppa eingogn at dette var pga at blomen ikkje var vorten skikkeleg pollinert. Fekk meg eit bifolk i fjor som no står like ved så vert spanande å sjå om det kan ha innverknad. Ellers er eg nøye på å vanna godt, gje dei ein dose med møk både haust og vår (vår er vel ikkje heilt etter boka) men funger her, så fornyar eg plantene med (u)jevne mellomrom når eg føler dei tek av med bærsettinga. Ta eit bilete neste gong du fin ein slik «knyting», og legg ut i eit forum/på Facebook eller ta med til eit gartneri, så får du heilt sikkert eit/mange mykje bedre svar enn dette 🙂 Riktig god vår til deg!

  • Torild Johansen

    Takk for svar! Det kan nok være flere årsaker til problemet skjønner jeg. skal merke meg det du har skrevet.

    Torild

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

%d bloggere liker dette: