Møkkagåve

Eg er heilt i ekstase og det over ei skikkeleg møkkagåve. Tilbod om å tøma heile gjødselkjellaren på ein økologisk gård her i bygda.

Eg heiv meg rundt med det same. Søndag i beste kyrkjetid, utanfor lovleg periode for gylling, men med ein skikkeleg vårfølelse i kroppen satte eg i gang for å få driten heim til Plasset.

No vart det fortgang i opparbeidinga av dei gravefrie beda mine og med hjelp frå ei god veninna kom eg godt i gang.

Svart gull!
Så utruleg takknemmeleg for gode vener.

Med så korte dagar valgte eg å ta ein fridag frå jobb i dag, tysdag, men med kun to dagar i skille frå dei øverste bileta var det plutseleg vorte litt vinter rundt dørane då eg stod opp. Eg valgte uansett å nytta timane med dagslys, så får folk i bygda heller lura på kva bonde som gjødslar i frukthagen og bygger bed i begynnelsen av februar.

Fyrst papp, så fyll frå møkkakjellaren.

Volia! Potetåkeren er etablert.

17:15 og snart mørkt. Skulle veldig gjerna hatt nokon veker ferie no.

Gravefri galskap, stor glede!

Nyt kvelden!

-bente-

%d bloggere liker dette: