Potetlykke

I vår kjøpte eg 2,5 kilo settepoteter av sorten Carolus til min fyrste gravefrie åker. Eg har tatt nettkurs hjå GrowSpaceMossige i vår og dette var mitt studieprosjekt. Kan forresten anbefala kurset på det varmaste! Her får ein tett oppfølging og ein mengde detaljert og inspirerande fagstoff presentert undervegs. Cecilie som arrangerer kurset har ein eigen evne til å formidla sin kunnskap på ein enkel og forståeleg måte.

I lenka over kan du sjå korleis eg opparbeida åkeren, og nedanfor det fantastiske resultatet! Så utruleg kjekt å heilt enkelt kunna dyrka sine eigne, giftfrie, friske poteter.

Då potetriset var ca 10 cm, la eg på eit nytt lag med plenklipp, der eg nesten dekka dei til. Etter det har dei stelt seg heilt sjølve!

2,5 kg settepotet, vart til 25 kilo deilige matpoteter og eg er frelst!

Gleda var stor då fyrste potetriset var dradd opp og det dukka fram, flotte, friske poteter under der!
Carolus klar til hausting
Ferdig «potetpløyd» jordbæråker!

Eit stort rungande JA til gravefridyrking. I pakt med naturen, i pakt med tidsklemma i ein travel kvardag. Stooor glede.

-bente-

2 kommentarer

  • Aina

    Hei.
    Jeg ble så glad når jeg fant denne bloggen din. Alt du skriver er så utrolig bra. Akkurat som jeg sjøl tenker om å jobbe med jorda.
    Jeg synes jeg har lørt en del også. Jeg har egentlig laget meg bed av rusk og rask, uten at jeg visste at det hadde noe navn.
    Skulle ha ønska at det liksom hadde blitt et samfunn med din ideologi.
    I vår så bestemte jeg meg for å bli sjøl forsynt med grønnsaler fra høsten, men det blir nok vanskelig.
    Her er enormt lang vinter med MYE snø. Ble ikke bart før over st. Hans. Men jeg har ganske mye. 😊😁

    • Bente Instanes

      Åhhhh, så utruleg koseleg melding å få! Eg er ikkje så aktiv med denne blogginga, men det kjem no litt i ny og ne 🙂

      Dette er jo ei form for permakultur, så sjekk gjerne ut Norsk Permakultur forening. Der vil du finna mange likesinna 🙂 Eg hadde også ein plan om å testa ut eit år som sjølvnært no fom september, men så dukka det opp så mange spanande ting i livet denne vinter/våren at total sjølvberging foreløpig er litt utsatt 🙂

      Ynskjer deg lykke til med dyrkeprosjekta dine og hald meg gjerne oppdatert.

      Sommarhelsing frå Hardanger -bente-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *