Rosebed

Eg likar ikkje å grave i jorda for å laga bed, men blomsterbeda etter besto og besten er eit unntak. Her måtte det spadetak til for å få på plass gamle heller slik det var for 25 år sidan. Det hadde gått klunger i dei gamle rosene og det var vanskeleg å sjå at det har vore opparbeida noko der i det heile.

Kun nokon få tulipaner og klungerskudd


Hønene fekk kosa seg med torva som måtte fjernast
Sympathie-rosa i bløyt

Eg leita lenge etter ei egna klatrerosa. Eg ville ha ei raud slik som eg hugsar den frå eg var lita. Den måtte vera nokolunde hardfør og ikkje minst ha god duft slik at bier, humler og andre insekt kunne få gleda av den. Valget falt på Sympathie.

Gamle takheller på plass og rosa trygt i jorda

I drivhuset har eg sommarblomar som snart er klare for utplanting, ein del av disse skal få plass i det nye bedet denne sesongen. Eg har også nokon staudar i andre bed som eg skal dela og kanskje finn eg nokon humlevenlege staudar på tilbud til hausten som eg kan planta saman med ulike haustløkar.

Alltid så kjekt med nye stadar å fylla opp med planter.

-bente-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *