Kompost- og flisgåve

Eg er så heldig å ha foreldrene mine friske og (rimeleg) raske på nabotomta. Dei stiller opp og hjelper til med det meste, og det trengs rett som det er på eit lite småbruk. I går fekk eg tøma komposten deira og pappen kom med eit hengarlass med oppkutta flis til meg.

Ferdig kompost! Eg kan ikkje koma på noko kjekkare å få akkurat no.

Kompost klar til å sleppa fri 🙂

Sidan det er fyrste året eg har hatt tid til å tenkja på grønsakshage så er eg i underskot på jord. På sikt har eg håp om å produsera det meste her på bruket, men dei fyrste åra må eg nok handla inn noko i tillegg.

No vert tomatene glade

Eg blanda inn ein del av komposten til tomatene i drivhuset mens resten blei spandert på pallekarmane som nærmar seg klare for «topping» Soo fantastisk å få med litt heimalaga kompost til sesongen også!

Nydelege vårdagar
Snart klar for eit jordlag på toppen.

Vidare fekk eg lagt på jorddekke rundt blåbæra mine og begynt på eit nytt gravefritt bed der eg har planar om å planta rabarbra og diverse andre nyttevekstar.

Eg likar å bruka flis som jorddekke.
Blåbæra har overlevd vinteren og eg er spent på årets avling.
Papir, flis og ein liten prat. Satsar på dei vil trivast.
Papirposar frå Herand Landhandleri funger fint som bunndekke.
Fyrste «lag» på plass 🙂

Det er så utruleg fint å få styra på ute i hagen om dagen. Kreativiteten og energien boblar og eg har 1000-prosjekt i hodet, hadde berre døgnet hatt minst 48 timar 😀

-bente-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *