Hagepsykologi

Boka Hagepsykologi naturens harmoniserende kraft av Grethe Nordhelle. Ei lita perle av ei bok. Denne traff meg midt i hjarta. Det er akkurat dette eg ber på og har lyst å formidla til heile verda. Her har Grete satt ord på det på eit perfekt vis. Natur, planter, hagestell er unik terapi for kropp og sjel. Hadde alle mennesker i verda hatt ein hage og behandla den med respekt ville det vore fred på jord. Det er eg sikker på.

Vakre bilete og lærerik, bevistgjerande, inspirerande tekst.

Teksten og innhaldet i boka er skrive som ei vakker, blømande, fargerik bru mellom austleg- og vestlegtankegang, Dette av ein forfattar med akademisk bakgrunn og ein mengde dybde kunnskap om dei ulike tema innanfor psykologi, menneske, naturen og planter. Eg vart glad i denne boka frå fyrste side og etter å ha bladd om siste ark veit eg den vert med meg livet ut.

Vakkert.

Anbefalar ALLE denne skatten av ei bok.

-bente-

2 kommentarer

  • Grethe Nordhelle

    Oppdaget tilfeldig din omtale nå. Og det varmet mitt hjerte at du ga denne boken nettopp den omtalen du ga. Jeg har nå delt din omtale på min Facebook side hvor jeg gir kommentaren at dette er den boken jeg har skrevet som er den mest personlige av alle bøkene jeg har gitt ut innen psykologi.

    • Bente Instanes

      Åhhh, så utruleg kjekk tilbakemelding å få. Då får eg sjangs til å takka deg også, for denne nydelege boka 🙂

      Ynskjer deg ein riktig god sumar både i og utanfor hagen 🙂

      -bente-

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

%d bloggere liker dette: